Hopp til hovedinnhold

Musikk, dans og drama

Bilde av dansende elever

Driv du med musikk, dans eller drama på fritida? Er du samstundes interessert i teoretiske fag? Då kan du slå saman interesse med skule og oppnå generell studiekompetanse.

Kvifor musikk, dans og drama?

Hos oss får du både kunstnariske og menneskelege erfaringar som ein ikkje kan lære gjennom bøker. Du får ta del i gleda, leiken og den kreative spontaniteten  i eit spennande miljø med stor aktivitet.

På Langhaugen vgs. har vi to klassar på kvart trinn  på utdanningsprogram for musikk, dans og drama. Den eine klassen har fordjuping i dans og den andre i musikk. Fyllingsdalen vgs har fordjuping i drama.

Fagtilboda på musikk, dans og drama gir deg også generell studiekompetanse. 

Ønskjer du meir fordjuping i matematikk, kan du velje R1 i staden for 2P matematikk i Vg2.

Du kan lese mer om fagsammensetninger på Vilbli.no

 

 

Dans

På studieretning for musikk-dans-drama (MDD), linje for dans, kjem du inn i eit drivande dansemiljø med engasjerte elevar og dyktige lærarar med spesialkompetanse innan dei forskjellige danseteknikkane. Desse er i hovudsak klassisk ballett, jazzdans og moderne samtidsdans. Du vil i tillegg lære å skape dans gjennom improvisasjon og koreografi. I vg1 får du også undervisning i musikk og drama. I faget Scenisk dans fordjuping 2 i vg3, produserer klassen si eiga forestilling der elevane står for alle ledd i produksjonen.

Utdanningsprogrammet for dans er arbeidskrevjande, og delar av undervisninga blir avvikla som obligatoriske prosjekt enkelte helger i året. Forestillingar går også som oftast for seg utanom skoletida.

Som du kan sjå i brosjyra, så aukar talet på timar med dans i veka i løpet av dei tre åra. Det er ikkje eit krav å ha forkunnskapar i dans for å begynne på danselinja, men du bør ha stor interesse, nysgjerrigheit og vilje til å jobbe fysisk med så mange timar dans i veka.

Gleda, leiken og den kreative spontaniteten du får ta del i, er unik. Deltaking i ulike sceniske prosjekt utviklar evna til samarbeid og tryggleik i å presentere deg sjølv på ulike arenaer. Dersom du vel dans, får du erfaringar både kunstnerisk og menneskeleg som ikkje kan lærast gjennom bøker.

Her finn du brosjyre med informasjon om fag og innhald på MDD-dans.

Musikk

På studieretning for musikk-dans-drama (MDD), linje for musikk, kjem du inn i eit drivande musikkmiljø med engasjerte elevar og dyktige lærarar. Du får spele- eller songtimar på tre instrument i vg1, i tillegg til klassetimar i musikkfag og i dans og drama. I vg2 og vg3 blir det meir og meir spesialisering i musikk, med fag som gehørtrening, komponering, besifringsspel, kor, samspel, ensembleleiing og produksjonsleiing, i tillegg til spele- eller songtimar kvar veke.

Song og piano er obligatoriske instrument som alle skal ha minst eitt år, anten som hovud- eller biinstrument. Alle instrumentaltimar er einetimar.


Elevane på musikklinja får som regel raskt eit godt miljø seg imellom, og blir godt kjente på tvers av musikklassane. Mange av elevane blir igjen etter skoletid, for å øve, spele saman eller berre vere sosiale. Dei store samspelprosjekta, med band, kor og orkester, er varemerke for musikklinja som elevar trekkjer fram som høgdepunkt frå tida på Langhaugen.

 

Går du på musikklinja, har du ca. 20 timar fellesfag og ca. 15 timar musikkfag kvar veke. Derfor er det viktig å ha ei stor musikkinteresse. Du treng ingen forkunnskapar i musikk for å begynne, men med så mange timar musikk i veka, er det viktig at du er glad i musikk og nysgjerrig på å lære meir om musikken.

Her finn du brosjyre med informason om fag og innhald på MDD-musikk.