Hopp til hovedinnhold

OPPLÆRINGSLOVEN KAP. 9A: ELEVENES SKOLEMILJØ

«§ 9A-3 Nulltoleranse og systematisk arbeid. Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Skolen skal arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av kapitlet blir oppfylte. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.»

GENERELT

·      Langhaugen skal til eikvar tid ha konkrete mål for skulemiljøet og skulemiljøarbeidet. Mål, tiltak og rutinar vil bli evaluert årleg. Dette vil i første rekkje skje i skulemiljøutvalet og i dialog med elevrådet.

·      Skulen skal ha rutinar for å følgje med på skulemiljøet og den enkelte eleven si oppleving av det. Hovudansvarlege for dette vil vere rektor, avdelingsleiarane, trinnansvarlege, kontaktlærarane, miljøkoordinator (frå 2023) og rådgjevarane. Alle tilsette har eit delansvar.

·      Skulen skal ha skriftleg dokumentasjon på oppfølging i tråd med lovverket.

 

INFORMASJONS- OG INVOLVERINGSPLIKTA

·      Alle tilsette vil bli informert skriftleg og munnleg om rutinar og regelverk ved skulestart og når det er nødvendig i løpet av skuleåret.

·      Alle elevar vil bli informert skriftleg og munnleg ved skulestart.

·      Alle føresette til ikkje myndige elevar vil bli informert skriftleg ved skulestart, dessutan på foreldremøte.

·      Informasjon blir lagt ut på skulen si heimeside.

·      I konkrete saker med krav til informasjon, vil prosedyrene vere dei same som ved skulestart.

·      Rektor skal sjå til at saker som er viktige for elevene sitt skulemiljø blir tatt opp i skolemiljøutvalet og elevrådet, om nødvendig også i arbeidsmiljøutvalet. Dette skjer i nært samarbeid med avdelingsleiar for elevtenesta, som rapporterer til rektor.

·      Foreldre skal trekkjast inn i arbeidet når det er naturleg eller nødvendig.

·      Rektor har hovudansvaret for å sjå til at informasjons- og involveringsplikta blir overhalden, men konkrete oppgåver vil gjennomførast i nært samarbeid med avdelingsleiar for elevtenesta.

 

AKTIVITETSPLIKTA

·      Alle tilsette skal til eikvar tid kjenne til aktivitetsplikta knytt til elevane sitt skulemiljø og handle i samsvar med denne.

·      Rektor er ansvarleg for at gjeldande prosedyrar blir følgt.

·      Avdelingsleiar for elevtenesta er ansvarleg for at varsel, aktivitetsplan og logg er oppdaterte, lett tilgjengelege og gjort kjent for alle tilsette. Rektor ser til at dette blir følgt opp.

·      Den som mistenkjer eller oppdagar mobbing eller krenking, eller som sjølv blir utsett for dette, skal straks melde frå til kontaktlærar (elev) eller til avdelingsleiar (tilsett). Anonymt kan det meldast frå i lukka postkasse.

·      Den som får meldinga skal straks fylle ut varselskjema som blir levert til rektor.

·      Kontaktlærar må så snart det lar seg gjere ha samtale med eleven/elevane som varslar og det blir varsla om, og informere om skulen sine prosedyrar.

·      Kontaktlærar må snarast, og seinast innan fem dagar, sende ut informasjonsskriv til eleven/elevane og eventuelt føresette om rutinane ved skulen. Informasjonsskriv om prosedyrar ved evntuell klage skal leggjast ved.

·      Ansvarleg for vidare oppfølging av saka vil avhenge av kva karakter saka har. Kontaktlærar vil i alle saker rapportere til rektor og dessutan ha eit nært samarbeid med rådgjevar og avdelingsleiar for elevtenesta (leiar av skulen sitt ressursteam og skulemiljøutval). Det vil i alle saker bli avklart kven som har hovudansvar for oppfølging.

·      Den som utøver mobbing eller krenking, skal kallast inn til møte av kontaktlærar. Rektor gjennomfører møtet. Foreldre til umyndige elevar skal informerast.

·      Aktivitetsplanen skal utarbeidast i samarbeid med den utsette eleven. Kopi av planen skal leggast i opplæringsavdelinga si mappe i Elements.

·      Tiltak skal setjast i verk for å gjenopprette eit godt og trygt elev- og klassemiljø uavhengig av om det er avdekka mobbing eller ikkje. Kontaktlærar er hovudansvarleg, i samarbeid med rektor, avdelingsleiar for elevtenesta og skulehelsetenesta.

 

DOKUMENTASJONSKRAVET

·      I tråd med kravet om at skulen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til femte ledd (delpliktene), vil skulen føre logg i konkrete saker.

·      Loggen skal arkiverast i elevmappa i Elements. Sensitive personopplysningar om andre elevar må derfor vere godkjent av desse.

·      Gjeld loggen fleire elevar, blir han å oppfatte som eit internt arbeidsdokument. Elevane kan ikkje få innsyn i eit slikt dokument.

 

 

Internkontrollen skal følgjast opp årleg med eventuelle nødvendige endringar. Avdelingsleiar for elevtenesta er ansvarleg for dette, med rapportering til rektor som er ansvarleg for vidare oppfølging.