Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Bilde av biblioteket

Biblioteket finn du i 1. etasje, inn døra til venstre for kantina.

Hos oss kan du låne bøker, lese blad, gjere gruppearbeid, lekser eller spele spel i sofakroken. Spør gjerne om hjelp viss det er noko du lurar på. Bibliotekaren kan komme med bokanbefalingar og rettleie deg i søk i databasar og på internett.

Finn du ikkje det du leitar etter er det godt mogleg bibliotekaren kan hjelpe deg å skaffe det enten frå eit anna bibliotek eller ved å kjøpe det inn.

På internett er biblioteket alltid ope: Søk i biblioteket si samling i websøk der du også kan bestille og fornye lån i Mappa mi. Biblioteket er også på It's Learning.

Opningstider

Skulebiblioteket er opne:

  • Måndag - fredag: kl. 09:00 - 15:30

 

Lånekontrakt

Digital skjemaløysing for avtale om vilkår for utlån av læremiddel, skuleutstyr, mv. for elevar i vidaregåande opplæring finn du her:

https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/lanekontrakt_elev

Bibliotekaren

Anne Dagrun er bibliotekar på Langhaugen. Ho kan hjelpe deg å finne bøker, artiklar og anna.

Kjeldekritikk og kjeldebruk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.

Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære meir om på sida vår om kjeldebruk og kjeldekritikk.

E-lån

E-lån er bøker du kan laste ned til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din. Det er mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker.