Hopp til hovedinnhold

Elevtenester

Bilde fra biblioteket

Biblioteket

Åpningstider: Måndag-fredag kl. 08:15 til kl. 15:30. 

Biblioteket finn du i 1. etasje, inn døra til venstre for kantina. 

Hos oss kan du låne bøker, lese blad, gjere gruppearbeid, lekser eller spele spel i sofakroken. Spør gjerne om hjelp viss det er noko du lurar på. Bibliotekaren kan komme med bokanbefalingar og rettleie deg i søk i databasar og på internett.

Finn du ikkje det du leitar etter er det godt mogleg bibliotekaren kan hjelpe deg å skaffe det enten frå eit anna bibliotek eller ved å kjøpe det inn.

På internett er biblioteket alltid ope: Søk i biblioteket si samling i websøk der du også kan bestille og fornye lån i Mappa mi. Biblioteket er også på It's Learning.

IKT-tenesta

IKT-konsulent Leif held til på kontor 134, til høgre for scenen i aulaen. Hos han kan du få teknisk støtte til datamaskina di.

IKT-konsulenten hjelper deg med blant anna

  • Nettverksproblem
  • Utskrift
  • Problem med programvareinstallasjon
  • Feil ved operativsystem
  • Maskinvarefeil
  • Andre tekniske spørsmål knytt til skule-PC-en din.

Leif er tilgjengeleg kvar dag mellom kl. 08:30 og 15:30.

Studspes.jpg

Rådgjevarane våre

Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Då kan du bestille tid hos ein av rådgjevarane våre.

Elevrådet

Elevrådet skal ta opp saker som du som elev synes er viktige. Det blir valt elevrådstyre kvart skuleår. Rådet plar å ha møter éin gong i månaden, som regel i fritimen på tysdag.

 

 

Kantine.jpg

Noko å spise?

Har du det litt for travelt om morgonen til å spise frukost eller lage niste? Då er det bra at vi har ei  kantine med stort utval av både mat og drikke.